OSS TO er Helga og Sverre. For vi skal snart gifte oss. Det ser vi fram til med store og mange forventningar! Mellom anna skal vi feire dette 31. juli 2010 (på Eli, søstera til Helga, sin bursdag). Heilmaks! Muntre og med godt mot planlegg vi den store festen. Her på denne bloggen kan de altså følgje med for informasjon som kan vere nyttig å få med seg.

mandag 7. juni 2010

Ønskjer

Bryllaup innber ofte gåver. Av mange slag.

Før noko anna blir sagt skal dette presiserast: Vi ser på kvar enkelt av gjestane som spesielle og gåver er ikkje naudsynte for dette synet.

I tillegg har vi sett vårt snitt til dette: Vi ville vere svært glade dersom du tek ein del av den summen du måtte ønskje å gi oss med deg og legg det i ei "sparebøsse" som vi har til eitt av Strømmestiftelsen sine prosjekt i Andesfjella i Peru. Som nokre av dykk veit var vi på tur dit i fjor haust og såg arbeidet som blir gjort der. Viktig og livsendrande.

Vi "treng" like fullt gryter og kar, og har på tradisjonelt vis sett opp ønskjelister på butikkane Tilbords og Jernia. I desse moderne tider kan de gå til butikken, seie at de ønskjer å kjøpe ei bryllaupsgåve til Helga Bjørnøy Urke og Sverre Idland som har registrert ønskjeliste her. Og vips leitar butikkdama fram lista, og de kan velje. Svært lett!

Dersom de ønskjer å sjå på lista heime i sofaen gjer de følgjande:
Tilbords: www.tilbords.no - bryllup - for gjestene - bryllupslister - søk i lister - fyll inn med fornamn og etternamn - gjestepassord: 31juli.

Jernia: www.jernia.no - ønskelister - finn ønskeliste - fyll inn med Sverre Idland eller Helga Bjørnøy Urke og dato 31. juli 2010. Trykk på lenkja som seier Helga og Sverre så kjem du fram til lista.

I tillegg til det du kan finne på desse butikkane ønskjer vi oss telt, Anitra sølvty (Kniv, gaffel, kakegaffel, kompottskei), sengety, og gåvekort på Skeidar.

lørdag 10. april 2010

Tiden går, og sommeren og bryllupet nærmer seg fantastisk fort! Vi tenkte det kunne være greit å orientere seg litt om hvor bryllupet skal være for de som ikke er lokalkjente. Ved siden av er det kart med kjørerute fra Borgund kirke til Rica Parken Hotel. Vi kommer snart med ny oppdatering med mer program for helga;)

mandag 18. januar 2010

Informasjon om overnatting

Alle må ha ein stad å sove. Mange av dykk kjem tilreisande og huset til Kristin og Arnfinn kan dessverre ikkje romme alle saman. Men det finst andre alternativ!

For det første skal festen haldast på Rica Parken Hotell i Ålesund sentrum. Her er det mange rom, og vi har reservert en god del av dei slik at de kan bestille her. For dei som likar kort veg frå selskap til seng kan dette anbefalast.

Vi har også fått litt rabattar her og prisane ser slik ut:

Dobbeltrom: 1100 kr

Enkeltrom: 895 kr

Ekstraseng: 250 kr

Ring på tlf 70 13 23 00, sei at de skal i bryllaup til Helga og Sverre, og oppgi bestillingskoden 130917.

For dei som synest hotell blir litt unødvendig finsleg, ta inn på Ålesund Vandrerhjem, berre eit godt steinkast unna. Dei har begrensa med rom, særleg dobbeltrom, men er de fleire som kunne tenkje dykk å dele har Vandrerhjemmet fleire 4- 5- og 6-sengsrom. Ein koseleg stad med frukost og sengety inkludert. Sjå oversikta nedanfor for prisar:

Sengeplass fra 255,-
Enkeltrom fra 520,-
Dobbelrom fra 790,-
3-sengs rom fra 890,-
4-sengs rom fra 1090,-
6-sengs rom fra 1400,-
Leilighet 2 soverom fra 1400,-

Skulle du vere medlem av hosteling international får du 10% rabatt.

Ring 70 11 58 30 for å bestille eller sjå http://www.alesundvandrerhjem.no/


Ein siste mogelgheit som vi to gifteklare har pønska ut, er Prinsen Camping. Denne ligg ganske nær Borgundgavlen og Borgund Kyrkje, der vigslinga vil finne stad, og ca 10 minutt med bil til selskapslokalet. Og ikkje minst: Her kan du få di eiga hytte, rom eller teltplass!

Campingplassen gir ikkje moglegheit for oss å reservere for gjestane våre. Oversikt over prisar og type overnatting finn de her: http://www.prinsencamping.no/

Ring tlf 70 15 21 90 for å bestille.

Då burde de vere rusta til å hyre dykk husly for helga. Skulle de imidlertid støyte på problem, ta gjerne kontakt med oss så skal vi sjølvklart prøve å hjelpe dykk!