OSS TO er Helga og Sverre. For vi skal snart gifte oss. Det ser vi fram til med store og mange forventningar! Mellom anna skal vi feire dette 31. juli 2010 (på Eli, søstera til Helga, sin bursdag). Heilmaks! Muntre og med godt mot planlegg vi den store festen. Her på denne bloggen kan de altså følgje med for informasjon som kan vere nyttig å få med seg.

mandag 7. juni 2010

Ønskjer

Bryllaup innber ofte gåver. Av mange slag.

Før noko anna blir sagt skal dette presiserast: Vi ser på kvar enkelt av gjestane som spesielle og gåver er ikkje naudsynte for dette synet.

I tillegg har vi sett vårt snitt til dette: Vi ville vere svært glade dersom du tek ein del av den summen du måtte ønskje å gi oss med deg og legg det i ei "sparebøsse" som vi har til eitt av Strømmestiftelsen sine prosjekt i Andesfjella i Peru. Som nokre av dykk veit var vi på tur dit i fjor haust og såg arbeidet som blir gjort der. Viktig og livsendrande.

Vi "treng" like fullt gryter og kar, og har på tradisjonelt vis sett opp ønskjelister på butikkane Tilbords og Jernia. I desse moderne tider kan de gå til butikken, seie at de ønskjer å kjøpe ei bryllaupsgåve til Helga Bjørnøy Urke og Sverre Idland som har registrert ønskjeliste her. Og vips leitar butikkdama fram lista, og de kan velje. Svært lett!

Dersom de ønskjer å sjå på lista heime i sofaen gjer de følgjande:
Tilbords: www.tilbords.no - bryllup - for gjestene - bryllupslister - søk i lister - fyll inn med fornamn og etternamn - gjestepassord: 31juli.

Jernia: www.jernia.no - ønskelister - finn ønskeliste - fyll inn med Sverre Idland eller Helga Bjørnøy Urke og dato 31. juli 2010. Trykk på lenkja som seier Helga og Sverre så kjem du fram til lista.

I tillegg til det du kan finne på desse butikkane ønskjer vi oss telt, Anitra sølvty (Kniv, gaffel, kakegaffel, kompottskei), sengety, og gåvekort på Skeidar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar